Ans.Red.

OM BRUKTBUTIKKAR

Ans.Red.
OM BRUKTBUTIKKAR

Innsendt av Ragnhild Sunde Stokke

OM BRUKTBUTIKKAR

Misforstå meg rett – eg diggar gjenbruk og frivilligheit! Det eg derimot ikkje er ein så stor fan av er måten vi ukritisk behandlar gjenbruksbutikkar her i landet. I andre utgåve av Tuntreet kunne vi lese eit svært koseleg intervju med dei frivillige på Gjenbruksbuttiken i Ås. I intervjuet kom det fram at inntektene frå butikken går til Misjonssambandet sine velgjerande prosjekt, som visstnok fokuserer på FN sine bærekraftsmål – dette høyrest då bra ut! Det bør derimot ikkje kome som noko overrasking at MISJONSsambandet først og fremst driv misjonering og ikkje velgjerd. Det er enklare å nå “unådde folkegrupper” (eit omgrep Misjonssambandet sjølv bruker på nettsidene sine), om ein også kan gje dei ein ny brønn, ein skule eller eit sjukehus.

Eg skulle gjerne sett at pengane eg bruker på gjenbruk gjekk direkte til bistand og velgjerd, og ikkje til ein misjonsorganisasjon. Eg har budd eit år i Skottland, og i Storbritannia har ein mange “Charity Shops”! Alle britiske småbyar har minst tre slike butikkar. I motsetjing til Noreg er mange av gjenbruksbutikkane i Storbritannia drive av organisasjonar som “Cancer Research UK”, “Røde Kors” og “British Heart Foundation”. Kvifor driv ikkje fleire ikkje-religiøse organisasjonar bruktbutikkar i Noreg?

Kanskje kan vi, studentane starte ein bruktbutikk?