Ans.Red.

To brune: Ida Beate Løken

Ans.Red.
To brune: Ida Beate Løken

To brune med Ida Beate Løken

Vi møtast i meierikrysset, klare for å finne ein passande stad å sitje ute og prate: eg, Ida Beate Løken, fotografen og Ragnvald Jarl av Nothern Bones. Sistnemnde er den ivrige lundehunden til Ida, som til kvardags vert kalla Reino eller Knut. Turen fortset vidare mot gapahuken ovanfor Veterinærinstituttet, der vi set oss ned og byrjar samtalen med ein flaske «Malstraum» frå ølbryggeriet i Kinn etter Ida sitt eige ønske. «Som den patrioten eg er» seier Ida. Kinn bryggeri ligg nemleg utanfor Florø i nærleiken av der Ida har vakse opp.

Journalist: Marianne Skolbekken

Fotograf: Anna Thylén


Heimstaden og gardsbruk  

På spørsmål om kor Ida er i frå, fortel ho, at ho brukar å seie Sunnfjord. «Eg føler ikkje heilt at eg kan kalle meg ein førdianar og heller ikkje ein Florø-væring, sjølv om eg har budd på begge plassane». Ida forklarer at då ho var åtte år, hadde ho flytta åtte gonger, riktig nok innafor same området i Sunnfjord, med unntak av hennar fyrste leveår i Drammen. Sunnfjord ligg på Vestlandet mellom Bergen og Ålesund, i gamle Sogn og Fjordane fylke. Her vaks Ida opp på eit gardsbruk saman med mor si, som seinare vart tatt over av hennar tante og onkel. «Viss eg må velje, er det den garden som er heimstaden min». Med fire mål dyrka jord, ein del skog, og 30-40 vinterfôra sau fortel Ida med eit smil at ho har mange gode minne frå hesjing, høyberging og kos med lamma.  

«Heimstaden min har betydd mykje for meg».  

«Sjå, ein hakkespett!» … og andre naturopplevingar  

Med eit vestlandsk fjellandskap som bakgrunn, lurer eg på kva rolle naturen har spelt for Ida opp gjennom åra. «Den har betydd veldig veldig my.. oi, sjå ein hakkespett» seier Ida, i det vi kort pausar intervjuet for å studere fuglen. Ida held fram, «eg er veldig glad i å være ute på tur, det har vore langt mellom folk i oppveksten så då har ein tydd til naturen. Å gå tur, har for meg vore like naturleg som å pusse tenna.» Vidare fortel ho meg om leik med konglar i skogen, frikjøring med brett og puddersnø, og fjellturar der fyrste etappe vart gjort på hesteryggen. Ida innrømmer at ho synest det til tider er rart å vere på Ås som er så flatt.  

«Eg bruker og glede meg til årstida som byrjar om eit halvt år. Så om sommaren tenkjer eg på toppturar med ski, og om vinteren gleder eg meg til sommar og lange skogturar. Dersom eg må velje ein favoritt, må det bli vinter og skisesong. Aller helst likar eg meg på høgfjellet. Eg likar å følgje filosofien til Nils Faarlund om å tråkke opp løypa sjølv, å demonstrativt gå ved sidan av skisporet, det er noko med naturopplevinga. Ei maskin høyrer ikkje heime i naturen på den måten, og sjølv om eg ser fordelane med opptråkka løyper for tilgjengelegheitas skuld, prøver eg å gå egne vegar utanom dei maskinpreppa skispora.» 

Ida fortel at det har vore utfordrande her på Østlandet i Oslo-området. «Då eg budde i Oslo, medan Veterinærhøgskulen var på Adamstuen, prøvde eg å finne ein stad utan skispor på vinteren, men det var nesten heilt umogeleg.» 

 

Klimaengasjert holebuar 

Eg har høyrt nokre rykte om at du har budd i ei hole.. 

Ida ler litt bak koppen med «Malstraum», «ja, det stemmer, eg budde ute i ein hole i eit år. Dei fyrste to vekene kjendest som å vere på telttur, så vart det som heime. Eg hadde framleis kjøkken, bad og alt det der på dagtid, eg berre sov ute i hola.» Ida skildrar det som «eit enkelt, minimalistisk liv», og vil absolutt tilråde andre den same naturopplevinga.”

Det vart ein augeopnar for korleis eg såg på forbruket i verda og i eige liv, fortel Ida vidare. «Eg synest det er trist med dagens forbruk, og det er ikkje nødvendigvis enkeltindividet sin feil, men systemet. Måten vi brukar opp naturressursane raskare, og korleis «Earth Overshoot Day» kjem tidlegare og tidlegare. Eg synest den kjem latterleg tidleg. Samstundes har eg jo bil og fleire klede enn det eg brukar, så eg er ein del av det sjølv. Eg skjønner at det er vanskeleg å endre systemet, men eg håper vi gjer det snart».  

Då kjem det kanskje ikkje som ei overrasking at Ida har vore aktiv i politikken med å fremme klimaspørsmålet. «Eg kjem frå ein politisk aktiv familie, der vi har prata om politikk ved frukostbordet og middagsbordet og sett nyheiter kvar kveld». Ho utdjupar at ho synest det er viktig at politikken skal vere for alle, at alle skal ha moglegheita til å påverke. «Eg synest det er dumt om det berre er nokre få profesjonelle politikarar som skal styre på vegne av alle».  

Ida har sjølv vore engasjert i Natur og Ungdom, og MDG. Sistnemnde er ho framleis medlem i, men ho «sitt litt på gjerdet» i påvente av kva for stilling partiet tek til EU-spørsmålet. Dette med tanke på det norske landbruket, Ida si hjartesak. I tillegg er veterinærstudiet eit krevjande studie med ikkje altfor mykje fritid. «Eg er framleis samfunnsengasjert, men eg har valt å bruke fritida ved sidan studiet, på andre interesser».  

Agronomen som vart Leopardsjåfør.. 

Før vi går vidare til Ida si tid på NMBU, vil eg kjapt høyre litt meir om tida som leda opp til universitetet i Ås. Ida fortel at ho er utdanna agronom frå ein vidaregåande landbruksskule. Etter at ho fekk yrkeskompetansen sin, gjekk ho ut i eit år i fyrstegongstenesta i stillinga som leopardsjåfør. «Eg var sjåfør på ei stor stridsvogn» seier Ida, «det var utruleg kjekt sjølv om det svir litt med tanke på miljøbelastninga». I likskap med politikken meiner Ida at det er viktig at forsvaret representerer befolkninga. «Eg klarar ikkje å argumentere mot ein pasifist, fordi krig er dust, men eg trur likevel at eit forsvar er nødvendig når menneske slåst om dei ressursane vi har. Då treng vi at forsvaret er av, og for, folket.» 

..og seinare vart ein korglad, folke-dansande veterinærstudent  

På spørsmål om NMBU var eit openbert val, er svaret ja. Ida er både aktivt medlem i Leikarringen Frøy og veterinæranes studentkor Tonus, samstundes som ho går fjerde året på veterinærmedisin. «Eg er veldig glad i folkemusikk og folkedans, noko eg trur eg har fått gjennom morsmjølka. Heime, har vi ein stor internasjonal folkemusikkfestival, så det er noko eg har likt lenge.» Vidare fortel Ida at ho trivst godt med folka i Frøy og den litt sære, geniale humoren, med både useriøs fjas og dei gode og djupe samtalene. Linjeforeiningskoret, Tonus, skapar samhold på tvers av kulla forklarer Ida, «Eg hugsar tilbake til tiden som larve, at det var kjekt å få tips og høyre erfaringane til studentane i dei eldre kulla. Eg er veldig glad eg har den gjengen» seier Ida.  

No har ho nettopp vorte ferdig på forskarlinje. Dette var starten hennar på eit forskararbeide, som skal munne ut i ein forskingsartikkel før studieslutt. Arbeidet er totalt verdt 120 studiepoeng. «Eg har alltid ville bli veterinær.» seier Ida, «eg er veldig opptatt av dyrevelferd, og produksjonsdyr, så eg håper å fyrst kunne jobbe som klinkar før eg byrjar å jobbe for ein organisasjon som arbeider for betre dyrevelferd».  

Leve her og no  

Med så mykje livserfaring allereie, lurer eg på om Ida har noko livsvisdom å dele vidare med andre. Ida tenker seg om. «Eg trur ein bør vere litt meir her og no. Tenke at det som var, var, og det som kjem det kjem. Ha litt meir fokus på det som skjer no, og nyte det som skjer. Sånn som den hakkespetten i stad, han hadde vi ikkje fått opplevd om vi ikkje var her no». 


Hilsner til Ida

Ida Beate Løken (Holebuaren/ Ho i Forsvaret-reklamane) 

Du er vårt evige ja-menneske og personlege trenar miljøaktivist. Utan deg hadde vi ete langreist og klimafiendtleg ris utan å tenke på at norsk bygg er eit meir næringsrikt og miljøvenleg alternativ som samstundes støttar norsk landbruk. Vi hadde, i all vår ignoranse, gått på garnbutikken og kjøpt merino- og alpakkaull i staden for norsk saueull å strikke med. Lista er lang, sjølv om du ikkje er det. Ein liten, men høglydt Sunnfjording fann vegen til Ås i 2017 (samtidig som oss, takk og pris) og har sidan funne mang ei sak å engasjere seg i, også her.  

Opplyst dame skal ein leite lenge etter, og skal ein finne på å komme med eit argument eller ein påstand, kan du vere sikker på at Ida følger opp med både eitt og to motargument, før vi kan slå oss til ro igjen med det vi opprinneleg dreiv med. Engasjementet ditt for alt frå kua sitt vaginaslim til politikk til folkemusikk og -dans er bemerkningsverdig, og ein kvar som får deg på si side i ei sak har gjort eit kupp! 

Vi er så glade for å ha deg, med Reino på slep, i liva våre! <3 

 

Helsing sambuarar(i større og mindre grad), gode venner og tidlegare klassekameratar 

Kristine og Mari 

Hilsning til Ida Til vår kjære Ida,

Du må være definisjonen på et supermenneske. Vi vet ikke hvor mange timer det er i ditt døgn, men det må være minst 5 timer mer enn oss dødelige. Du sjonglerer alt fra foreningsliv, forskerlinje, hund og dine utallige, kreative hobbyer. Likevel klarer du gang på gang å stille opp for din øyensten, Tonus Uteri.  

For dere som enda ikke kjenner Ida (og i tilfelle, har du bodd under en stein, eller i en hule slik som Ida har gjort??), så er hun en av Ås sine største personligheter i en liten, spretten kropp. Og ikke la deg lure av hennes lille vesen, for dette er en dame med en sterk røst. Klare meninger, engasjement og energi er ting hun aldri går tom for. Og det som hvertfall ikke er lite med henne, er hjerterommet hennes. Ida får fram det beste i alle rundt seg, og har alltid en god historie/drikkevise på lur, og dette er noe av det vi liker best med deg. Ida du er best i test og Tonus Uteri hadde absolutt ikke vært det samme uten deg.  

Du er en ildsjel uten like, og vi er så takknemmelige for å kunne kalle deg medkorinne, medstudent og ikke minst vår gode venn! Vi slutter aldri å bli imponert over din kapasitet, og som en sann Thorvald og Tora, er du gjest ved hvert lystig drikkebord! Hjertelig hilsen koret ditt, Tonus Uteri. Ida, du får oss alltid gratis!

Brun Ida Brun 

Gammel sjel i sprek og spretten lekam! Eit kor og ei songbok på to bein. Ingen kan trollbaste og -bende en hel siklende leikarring med alle 28(?) kråkevisevers som du. Visekatalog, fryktløs og fryktinngytende, du er så digg. Og barsk. Og ekte! Du brenner som en bråtebrann for både oss og norsk tradisjonskultur. HAR EN BRÅKETE DRITTBIKKJE SOM LUKTER TØRRFISK, og du lukter også alltid litt tørrfisk. Du er kjempedeilig. 

Du er vill på dansegolvet, og kan erobre sjøl den største sal med din hese røst og prominente formidlingsevne. Ida, en sann autoritet - vi følger deg som lodne sauer. Ja, en bedre gjeter ville vi ikke hatt. Din kjærlighet presser på bak alle strenge formaninger og utrop, og våre hjerter danser i polstakt til ære for deg, du utømmelige kruttønne av en stølskjerring. Vi gleder oss til du blir en gammel vis konemor langt oppi fjellet inni skauen i hjørnet på en gamme og sprer visdomsord, skrøner og løgner. Takk for at du alltid er åtgaumssjuk, kjærleg, inspirerande, vill i blikket, høgrøsta og vimsete som en askeladd i kvinneklær. Tenk at du notorisk ødelegger stemmen din for oss! Du vet å plassere hæla i himlingen. Og har masse maur i rassen. 

Ida, vår stammor – du setter spor <3