Ans.Red.

TRI-SOLARIS

Ans.Red.
TRI-SOLARIS

Verket du no les er skapt av Herr Ord og Frøken Smed

Til lesaren: Om du i dette verket finn ord som du ikkje er kjend med, vil forfattarane høfleg råde deg til å lese ei bok. Eller utføre eit søk på Google.

TRI-SOLARIS

SOGA OM DEN TRI-SOLARE STJERNETÅKA OG DEI EROTISKE VESENA SOM KNULLER I HAN

 

Den Barmfagre Baronessa frå Puppessa synte seg over toppen av ørkenens sanddyne. Strålene frå solnedgangen omkrinsa figuren hennar i ein skarp relieff. Den raudspragla manka hennar virvla kring om hovudet, og skuggela hennar tredje auge, TRI-AUGET. Men den Barmfagre Baronessa hadde viktigare ting å tenke på.

Undersåtten hennar kraup frem og stilde seg att ved ho. Denne usle mannen strekte seg ikkje meir enn 179 cm over marka han stod på. Han var difor av trellklassen. Han sleikja i seg mjølkerestane frå munnviken sin. Det var først no han vart var det som den Barmfagre Baronessa hadde lagt auge på for fleire sekund sidan. - Sjå! Kva kjem der over bakketoppen? Er det slavar, skøyarar eller skurker? kakla han. Krypet var ikkje verdeg eit svar, og den Barmfagre Baronessa heldt tankene skjult i sitt eige sinn. “Sanneleg skal me få sjå”, tenkte ho.

Romskipet som nett no landa vid hennar eige romskip var særs underleg. Det var sigarforma, og ho meinte at pilotane måtte sitje i det oppsvulma hovudet på toppen. Men det var motorane, som det nett no strøymde kalibrerande vassdamp ut av, som ho let seg bite merke i. “Berre to”, tenkte ho, i sin forførande indre monologt. “Eg trur me går spanande tider i møte.”

Ho aksla romrifla si, som hadde vore hjå ho heile tida, og retta på den triple brysthaldaren sin. På tide å ta kontakt.

I cockpitens påtrengjande tosamheit, sat Deuxasmianarane Deflaticus Miserera og Boringidus i ein kysk stillheit. Dei hadde forlatt den tarvelege årsakinga av eit solsystem dei kom frå, og reist avgarde i romskipet kalla “Skipet, Kristi Assosierte Firma Teknikarar”. Målet med reisa var å spreie bodskapen til den uinspirerande Guden deira. Ein bøn om kyskheit og tosamheit, som skulle kue dei uregjerlege, men svært attraktive, Tri-Solarane. Og endeleg var dei ankomne.

Etter å ha løyst seg frå dei genetisk modifiserte dobbel-fleksi karburator sikkertsheitselene sine, åla dei seg ut or skipet og trådde ut på den rørlege sanda som dekka planeten dei hadde landa på. Den skarpe sola baka ned på dei, og dei kjende korleis lekamane deira vart fuktige. - Akk, denne Gudsforlatte planeten er alt for varm! utstøyte Deflaticus. - Ja, eg er mest freista til å kle av meg min seremonielle heildekkande ulldrakt, svara Borinigidus. - Det kan du ikkje, det ville vore heilagbrote om du blotta den berre kroppen din til meg, som er av anna kjønn enn deg. Sjå berre føre deg kva eit slikt åsyn hadde gjort med meg! skreik Deflaticus. Det var nett i denne augeblinken at dei høyrde ei sensuelt suggererande røyst bak seg. - Legg frå dykk våpna dykkar. Og kleda.

Dei vende seg om i retning av stemma, og let augene ta inn over seg synet som møtte dei. Ei kvinne hadde skaftet til ein lang, plasmisk-kalibrert kembo-flux rifle i eit erfarent, men ømt, grep. Munninga peika ivrig mot pilegrimane. Kvinna var høg og muskuløs. To veldefinerte lår synte seg under eit taktisk mikro-midtlivsklede. Den bare magen glitra i ørkendoggen, og ein vakker rubin i navlen hennar skein forlokkande mot dei. Brysthaldaren hennar, som knapt greidde å dekke den mjuke, men likevel faste, triple bysta hennar, var fyld til randen av ammunisjon og anna som trengs for å overleve i ørkenen. Men det var ein spesiell ting som fanga dei avgrensa sinna deira. Det var TRI-AUGET, som med ein lillaaktig iris skoda ned på dei med eldgamal teknologisk magi.

 

Frå dei kvernande malstraumane i TRI-AUGET fekk dei plutseleg eit syn. Dei vart kasta inn i ei transe, og det dei såg ville dei aldri gløyme. I dette synet forstod dei si eiga undertrykking. Den som var given dei av generasjonar med religiøs kyskheit, undertrykking av sinnet og beneiing av erotisk glede. I ein augeblink såg dei kva kvar einaste person på planeten deira kunne vera; samankveila i ein heilag samanfatning av sveitt og oppgløda kjød. Så vakkert var synet, at det kitla i lenda deira.

 

Etter å ha vorte støytt ut av dei forlokkande syna i transa kasta Deflaticus eit løyndomsfullt blikk på Boringidis. Då ho først møtte han vart ho oppskaka. Hans manndom bar med seg potensialet for synd. No såg ho han i eit nytt ljos; som ei eining for kroppsleg nyting. Men ho var ottefull. Ho hadde aldri vore utsett for synet av eit avkledd menneske, fordi ho enno ikkje hadde blitt inseminert i eit religiøst bedekkingsrituale. Men ho hadde høyrt historiar fortald i all løyndom etterpå. Historiar om opna blomar og grådige bier. Berre ved tanken kjende ho blodet strøyme under den heildekkande ulldrakta. Noko som retta tankane mot hennar eigen kropp. Kva ville skje om Boringdidus fekk sjå den udekka lekamen hennar? Han var trass alt ein ivreg truande, og hadde truleg aldri sett slike skatter som dei ho bar på. Den slanke, formfulle kroppen hennar. Det smale, strame livet, som strekte seg som ei bru mellom dei rike brysta hennar (nett no dekka av ein sjølvandande biotex bryststøttar dobbel D) og den runde, mjuke bakenden hennar. Når ho bad låg ho ofte bøgd nedover, med baken stolt struttande mot himmelen. “Gud, kor ho elska å lovprise Herren!”

Under åsynet til den tri-augde skapningen kjende ho korleis trua, som til vanleg var steinhard, svikte. Dei sølibatiske banda som bandt ho losna i same tempo som kleda hennar - kvikt. Før ho visste ordet av det reiv ho av seg den heildekkande ulldrakta, flerra av seg brysttøtta si, og slepte fri dei verkande brysta. Brystvortene hennar knoppa seg som to forlokkande auge. Den sarte huden vart straks skolda under den utilgivande ørkensola, og ho rødma i det ho vart var den avkledde, nakne kroppen sin, som ingen før hadde sett.

 
 

Ho høyrde lyden av klede som traff jorda ved ho, og vende seg for å sjå Boringdigingus. Kroppen hans responderte momentant på kvinna som stod foran han, og pilllefanten hans reiste seg som ein obelisk av alabast mot himmelen. Spenninga mellom dei var til å ta og føle på, og ved synet av det overraskende store vaskulære legemet foran seg kjende Deflaticus korleis hennar eiga heilage hole vart forvandla til ei oase av glede. Ho snudde seg mot den framande skapningen og talte: - Du, uheilage skapning av umåteleg lyst, me kom for å spreie lovord om vår Herre, men no må eg heller spreie beina mine, og be deg skildre til meg kjærleiksorda.

Den Barmfagre Baronessa frå Puppessa snodde seg forførande mot Boringdidus, og greip tak om hoftene hans. Med eit fast grep leidde ho han mot den annige kroppen til Deflaticus - veslemannen hans peika ivreg ut kursen. - Set deg ned på kne, lydde den befalande stemma til den Barmfagre Baronessa. Ordren var så direkte at Deflaticus ikkje kunne anna enn å synke ned på kne, samstundes med at den orale opninga hennar opna seg i ein O av overrasking. Den var ei perfekt målskive for det interkontinentale missilet som var på meg mot ho.

Han passa perfekt i munnen hennar; som to bitar av eit puslespel, eller som to klossar med lego - dei kom saman med eit klikk, idet tanngarden hennar støytte inn i det neongrøne superioniserte testikkelburet hans. Ho kjende fantestaven hans kitle den muskuløse drøvelen sin og høyrde ululeringa hans over sine eigne gurglelyder. Medan ho sugde han nærare og nærare eit klimaks følte ho blodårene pulsere mot dei hardtarbeidande leppene sine. Nett då vart kjøtfløyta hans på uhøfleg vis nappa ut or den siklande kjeften hennar. Ho stønna frustrert. Ho hadde ikkje spelt ferdig! - Ro deg ned, du som er ubesudla, utanda den Barmfagre Baronessa. - Legg deg på rygg og omdann deg til havet som druknar dei vantro! Deflaticus senka seg ned på den brennheite sanda samstundes med at den Barmfagre Baronessa tok tak om nakken til Boridingus og varsamt og med samtykke dytta andletet hans ned i den fuktige fitta hennar. Ettersom Boridingas tidlegare hadde delteke i pai-ete-konkurransar, fortærte han ho meisterleg. Smaken var ikkje som paiane han var vand med, den hadde ein rund smak av vassgraut med syrlege overtoner. Men han likte det, og lepja i seg av dei kulinariske kremane hennar. Etter eit par minutt kjende Deflaticus korleis heile kroppen hennar trakk seg saman i lystbetont ekstase. Ho spende ryggen som ei bogestreng og song ut ein perfekt 261 Hz C4. Ho var tross alt førstesopran i eit lovsongkor.

Nok ein gong ringde den djupe stemma til den Barmfagre Baronessa over dei. - De har begge hatt glede av ein forrett, men no skal de fortape dykkar i hovudretten. Dei såg bort mot ho, og såg at ho var djupt inne i si eiga forrett. Trellen hennar balanserte opp ned på dei små hendene sine, med beina perfekt spreidd til kvar si side. Den kjeppharde snurrebassen hans var skjult, ettersom han taktfast støytte inn i den profesjonelle munnen til den Barmfagre Baronessa. Sjølv sat ho på bakken med beina spreidd. Ho hadde invidd tunga hans i det kongelege hoffet som heldt til i dei kvinnelege faldene hennar.

Endeleg var tida komen for å knulle. Boingidingus løyste seg frå den klitorale knoppen han hadde sutta på, og studerte Edens Hage under seg. Frå sinnet hans kjende han korleis opphissinga galloperte gjennom han, ned via det sentrale nervesystemet, og inn i rambukken. Nett som universet umiskjenneleg går mot ein varmedød, bevegde hoftene hans seg mot den uoppdaga djupna i Deflaticus. Og så, for andre gong i livet sitt, var han inne i ei kvinne, men denne gongen var han ikkje på veg ut, men inn.

I det han kom inn i den jomfruelege blomen hennar kjende han seg velkommen, trygg i det varme, vaginale grepet. Han forsto no at det var dette han hadde lengta etter heile livet, å kome tilbake til sitt opphav. Medan han jog inn og ut av ho kjende han korleis den innelåste testikkelpungen trakk seg saman. Han var klar for å eksplodere.

Deflaticus var overvelda av kinninga av saftene sine. Den stive, lett kurva kinna ho hadde invitert inn i seg hav ho meir nyting enn ho kunne førestilt seg. Den kontinuerlege pumpinga sende ho nærare og nærare mot kanten av kva nyting kunne vere, og så - vidare. Ein eksplosjon av kjensler, med opphav i lendene hennar, sende ho inn i ein kaleidoskopisk rus. Ho flaut i eit stormande hav av brotne normer og endeleg innvigd lyst i det som kjendes som ei æve; eller; berre sekund. Ho vart trekt ut av sitt eige sinn då ho høyrde den Barmfagre Baronessa:

- Sprut på puppene hennar! Sprut i andletet hennar! Let ho aldri gløyme smaken av deg!

Boridingis var meir enn villeg til å lystre, og klauv over dei skakande beina til Deflaticus og stilde seg på tvers over magen hennar. Der let han mjølka si fylle verda, lik regn på ei gold eng. Som Jackson Pollock dekka han ho med varme, tjukke kladder av livgivande sed, i eit tjukt, klissete lag. Delfaticus stirra opp på den høgreiste monolitten hans som stod i skarp kontrast til den bakande ørkensola. Ho lokka den mot seg, og lot tunga si, trass i at den var dehydrert og tørr, følge heile lengda og sleikja i seg dei søte dråpene av flytande liv. Ho hadde funne Guden sin att, og han var rik på sink, protein og vatn.

Boridungus knakk saman, og vart liggjande attmed Deflaticus, pesande. Sniglen hans trakk seg tilbake inn i huset sitt. Over seg høyrde han klapping, og då han heva hovudet såg han den Barmfagre Baronessa som stoisk onanerte seg sjølve, med auga festa på trellen. No forstod Boringidus at klappelyden var lyden av trellen som pumpa sitt eige vedheng. Frekvensen på pumpinga steig, og trellen oppnådde eit tåleleg tilfredsstillinade, men merkeleg spastisk, klimaks, og tøymde kukjuicen ut over sitt eige andlet. Boringdus vart skaka over at eit så valdsamt brøl kunne ha sitt opphav i ein så liten og skjør kropp.

Den Barmfagre Baronessa sto over dei to tidlegare misjonærane. Ho strauk seg framleis over kamskjellet sitt, kor ei perfekt perle var synleg, og tala slik: - Ta det de har erfart her og spre det til dykkar arme galakse. De har ikkje meir enn skrapa i overflata på kva begjær kan bringe. Sjølv er eg ikkje meir enn to-kvart oppildna av denne ulærde fremsyninga av nyting, men eg er trass alt ein mester i kunsten å samveve. TRI-AUGET hennar glitra av røyndom i det ho heldt frem: - No må de fjerne dykk sjølv frå denne planeten, nett som eg skal fjerne meg dette simple samværet. Eg skal slyngje meg saman med vårt mytiske PIKK-TRE, og der vil eg finne utløysinga mi. Far vel, forpulte krek.

Det hadde ikkje gått meir enn ti minutt sidan misjonærane hadde landa på den heite planeten i Tri-Solari-systemet, men dei var endra for livet. Idet dei no gjekk gjennom naudsynte sikkertheitsrutinar og gjorde romskipet klart for avgang, kunne dei førestille seg utallige måter å oppdage kvarandres kroppsopninger på. Girspaken var ikkje lenger berre ein måte å kontrollere fartøyet på, setebeltene var ikkje berre for sikring, og yogahuska var ikkje lenger for berre ein person.

Seinare, medan Borungidus og Deflaticus sat i cockpitens, no ikkje lenger så påtrengande, tosamheit, flamma sinna deira av visjonar og idear. Lagnaden som venta dei på heimplaneten deira var uviss. Kom dei til å bli hengd? Gjort til latter? Eller ville dei kome til å leie ein seksuell revolusjon mot dei religiøst undertrykka Deuxasmaniarane? Dei fann ingen svare, men medan dei vart slynga gjennom det brutale og kalde verdsrommet visste dei ein ting. Verda var kanskje kald og utan tilgiving. Men sex? Sex, er Heitt!

SLUTT