Ans.Red.

OPNINGA AV SÆTRA, MED EI LITA DOSE VOLLEYBALL!

Ans.Red.
OPNINGA AV SÆTRA, MED EI LITA DOSE VOLLEYBALL!

OPNINGA AV SÆTRA, MED EI LITA DOSE VOLLEYBALL!

Over ein veg, gjennom eit skogholt, og nedover bakken, då kjem du etter kvart til Fougnerbakken 19, ennå ei noko anonym adresse. Men ikkje lenge! Der finn me nemleg det nye foreiningshuset til Tradenigheten (Leikaringen Frøy, Flatlusa Spelemannslag og Budeieforeninga). Denne bustaden har fått det passande namnet Sætra, og med fest og moro skal dette nye kollektivet viast inn.

 
 

Journalist: Martin Hansebråten

Fotograf: William Fredrik Bakke Dahl

Web distributør: Martha Ingeborg Evensen


 

Men før ein kom dit, var mesteparten av publikum ein tur på Mannskoret Over Rævne sitt Volleyballarrangement, ein heidundrande affære kor lag med både varierande innsats og kvalitet deltok. Også Tuntréet stilte med lag, som klarte å ta heile éit poeng i sin kamp. Fjorårets vinner, KRIK, blei slege ut i finalen og dei nye mestarane er nå laget “Ut å Løpe”. Det blei og gitt ut ein pris for beste BEkledning, som gjekk til laget “Fiskefaen” som var ikledd gult regntøy. Fargen tilseier at dei er kule, så det er ikkje rart dei vann.

Når ein kjem inn i Sætra, kjem ein til ein bustad som minner litt om eit våningshus frå 1953, noko som mest sannsynleg ikkje er langt unna byggedato. Innanfor døra finn vi Åsmund G. Tunheim; leiar av Tradeinigheita, som med ein viss skjelv seier at “Det er sykt stas”, medan Benjamin A. Faulkner står i bakgrunn og ler. Det kjende medlemmet av både Flatlusa og Frøy, legg til at “Stemninga er som det var før Babylon blei bygd.” Om han meinte byen eller det kjende kebab-establishmentet blei ikkje gått inn på.

Ein av arrangørane som og er buande i det nye kollektivet, Dagny L. Værnes, er takksemd for at kollektivet endeleg er offisielt, og at festen er i gang. “Eg er veldig glad for at det har starta. Tida fram til no har vært som å være i Limbo. Det har vært som å bu på hemmeleg adresse!” seier ho til Tuntréet. Klokka halv sju byrja moroa, og som ein gamal spelemann og dansar kjende eg meg førebudd på denne skjøne hendinga; det var ei løgn. Eg har to venstreføter og mine musikalske evner er heller ikkje det ein vil kalle framifrå. Men eg har ei forkjærleik for kultur, noko som er viktig når ein skal melde frå slike kulturelle bastionar.

 
 

Leiaren i Tradeinigheiten sparka i gong moroa, med info om kvar ein skulle pisse, støttespelarar og arbeidet til Tradeinigeheiten. Deretter blei sjølvaste Faulkner kalla opp for å tale. Han måtte fyrst henta manuset sitt, noko Flatlusa brukte som ein moglegheit til å spele ein trall. Når talaren hadde kome tilbake, kom ein tale for historiebøkene. Faulkner held ein tale som kan slå dei beste fyrstemai -talene ned i støvlane. Han påpekte viktigheita av kulturelle foreiningar, og det at kultur gjer oss noko større enn oss sjølv. Bodskapet hans var at ting ikkje behøvde å være nytt, men det måtte være bra! Denne talen fekk ein applaus som ein berre finn i dei beste propagandafilmar.

Etter Faulkner kom ein tale av Riksantikvaren Hanna K. Geiran, som også var forrykande. Geiran nemnde Ås som eit kultursenter kor både fyrste utkast til Grunnloven var skrive, samt at det er fødestaden til Jarlsbergosten. Ho sa og at NMBU har den finaste Campusen i Noreg, noko NMBU gjengarane veit er objektivt sant. Tradeinigheiten hadde endeleg fått sin eigen heim.

Dramros, ei slags offer-kyr blei så i ei nesten bibelsk framstilling trilla inn forran talepodiet. Denne kua, mest sannsynleg ei kvit Charolais, blei mjølka, og Riksantikvaren hev ei flaske av denne mjølka i veggen, slik ein gjer når ein døyper eit skip. Kvifor dei har vald å lage Dramros som ein Charolais (ei kjøttrase) er ikkje visst. Kanskje ho får eit ekstra målingsstrøk etter kvart? Alt ein veit er at “Dramros kan fyllast med glede”, slik som Tunheim forklarte det.

 
 

Det var og ei storslått gåveseremoni, kor over tyve foreiningar og privatpersonar donerte innfløttingsgåver til dei nye kollektivistane. Alt frå måleri og kalv til Dramros, til vémåleutstyr kom inn. Dei fekk til og med eit Ostehjul! (red. anm. Desse kan du sjå på spillsida)

Etter den interessante seremonien byrja folkemengda å danse dansen Polonese (Uttalt Bolognese). Eg og ein sidemann hadde ikkje høyrd om denne dansen, og skjønte ikkje kva spagetti hadde med dans å gjera. Formann i Åsblæst’n kunne da informere oss om at det faktisk var ein dans, og dette var slik ein kunne viss ein hadde gått på Steinerskolen. Eg sit framleis og lurer på kva som er den store koplinga mellom spagetti og Steinerskolen.

Seremonien var så over, og festen var i gang! Kjelleren Tradeinigheiten er utstyrt som eit møtelokale, vart denne kvelden brukt til ein rave, medan haugar av folk sosialiserte over heile setertunet. Festen gjekk utover kvelden. Kor lenge den gjekk veit vi ikkje. Journalisten holt ikkje ut så lenge.

 
 

Summa summarum var det eit flott arrangement! Eit medlem av pikekoret IVAR kommenterte til Tuntréet at “Det er veldig hyggeleg! Det er veldig fint med en open fest, ikkje berre for foreiningsfolk, men for alle som kan krype og gå.” Denne kommentaren passer både godt om Sætra, og eigentleg Tradeinigheiten generelt. Det er verken eksklusivt eller vanskeleg å bli med. Frøy, Flatlusa er ei Case-studie i korleis ein skal lukkast med opne foreiningar, og Budeieforeininga er ei Case-studie på korleis ein skal ha lukka foreiningar.