Ans.Red.

Kadaver’n

Ans.Red.
Kadaver’n

Kadaver’n

Kadaverløpet, det eldste idrettsarrangementet på Ås, har gått av stabelen, og det seiast at det atter vart ein suksess. Men kva er eigentleg dette, kvifor vart det til, og ikkje minst, kven vann?

Journalist: Martin Hansebråten

Foto: Ane Ingeborg Kalbækken

Web distributør: Martha Ingeborg Evensen


 
 

Tuntréet har tatt ein samtale med Ane Ingeborg Kalbækken, løypeleggar for årets Kadaverløp. I samtalen forklarar ho litt om kva Kadaver’n er, historia og korleis årets løp har vore. Kadaverløpet slik vi kjenner det i dag vart uttenkt på Hankattloftet ein sein haustkveld i 1958. Det skulle vere ein ekstrem styrkeprøve, og ikkje noko for alminnelege dødelege. Konseptet gjekk ut på at ein skulle sleppast på ein hemmeleg stad og finne vegen tilbake. Dette har etter kvart utvikla seg meir til eit ‘ekstremt’ orienteringsløp med to matpostar slik vi kjenner det i dag.

Deltakarane blir køyrd til ein hemmeleg lokasjon ca. 25 km i luftlinje unna mål. Årets løp starta i Ytre Enebakk. Målet for løpet er GG-hallen, altså halldelen av Eika for dei som ikkje visste det. GG-hallen er kalla opp etter Georg Guttormsen, betre kjend som ‘Geggen’, som var idrettskonsulent på NLH. NLHI, nå NMBUI hadde ansvar for arrangementet.

 

Alle deltakarane på Kadaver’n får utdelt eit kart i skala 1:30 000 teikna av Kristen Trekrem, som blant anna har teikna turkartet til Ås kommune. Han er i starten av 60-åra og løp i år inn til ei framifrå plassering på 31. plass. Sida han er over 60 er han ein såkalla Æreskadaver. Kadaverløpet er faktisk opent, slik at folk som ikkje lenger er studentar, altså ‘vaksne’, også kan delta: “Det er tøft, men dei gamle gubbane er med år etter år, så kvifor skal ikkje ein student klare det. Du har på ein måte ikkje vært student på NMBU før du har sprunge Kadaver’n.”

 
 

Vinnaren av årets Kadaverløp var Anders Haugskott, ein o-løpar som vann med ei imponerande vinnartid på 3 timar og 15 minutt. Rannveig Nordhagen vart beste kvinne med ei tid på 4 timar og 9 minutt. Dette er svært imponerande med tanke på at årets distanse er heile 25,2 km i luftlinje, som i realiteten blir ei mellom 30 og 40 km lang løype. Dei som bomma noko og sprang lengst sprang ca. 48 km.

Siste plass i løpet er og ein heidersplass. Den som kjem på sisteplass er kjend som Superkadaveret, og i år hadde ‘vinnaren’ ei tid på ca. 10 timar og 15 minutt. Det var fem stykk som kom inn samtidig og fekk denne ærefulle tittelen. “Alle sa dei ikkje kom til å laupe att, men alle var veldig fornøgde med at dei hadde fullført. Dei siste kom inn 19.20, og vi hadde starta premieutdelinga klokka 19.00 i TF-Fløya som tradisjonen alltid er. Ein veit alltid kven som blir Superkadaver eit år, fordi resultatlista lesast nedanfrå og opp”, seier ho og ler.

Det er og mange ulike tradisjonar knyta til løpet. For eksempel er det vanleg at fyrste person på fyrste post spring med eit slips (Juntilaslipset) resten av løpet, medan fyrste kvinne spring med skaut (Spurtskautet). Apropos spennande kleder, er det ei konkurranse mellom ulike foreiningar om kven som kan ha flest deltakare. Dei siste åra har det vore Den X-Clusive Stiftelse PB som har hatt flest fullførande deltakarar, forklarer Kalbækken.

PB deltar som sagt alltid i store tal, medan Pikekoret IVAR er standhaftige til å delta på Minikadaver’n, ein litt kortare variant av løpet som ligg på ei mil og litt kortare: “Vi prøver å reklamere for det, men vi har kanskje ikkje vore så gode på det. Det er faktisk premie for beste foreining. Men nå må nokon slå PB, for dei har alltid hatt flest folk. Kvar er Rævne? Kvar er Unity? Og kvar er FF?”

Likevel var dette eit imponerande år. Heile 120 stykk fullførde årets løp, dobbelt så mange som i fjor. Endå meir imponerande var at Kadaverløpet aldri vart avlyst av Korona, så det har nå gått kontinuerleg i 66 år, og slik det er nå kan det fortsette i 66 år til.

Dette var eit lite innblikk i det lange, tunge, men også givande og historiske Kadaverløpet. Det er ein grunn til at Hankattane stiller i Gallaantrekket sitt. Likevel anbefaler Kalbækken at ein tek med seg hovudlykt, sidan det kan bli mørkt. Heilt til slutt i intervjuet kom Kalbækken, ei ekte tynseting, med eit stikk til Alvdal som ikkje behøv dekkast i plenum.